Eldre personar med demens er ei gruppe som aukar i omfang og det er behov for fleire og tilrettelagde dagtilbod. Inn på Tunet ser ut til å være eit fullverdig alternativ som i stor grad stettar krava Helsedirektoratet har sett når det gjeld dagtilbod.
Kjensla av å være til nytte, av meiningsfulle oppgåver, av gode venner som gjer kvardagslege ting i lag. Slike kjensler kan bety mykje i ein kvardag der dagane har vorte til dels eller heilt innhaldslause, både for dei det gjeld og dei pårørande.
Hovudmålsettinga i demenslova som trer i kraft i 2020 er at personar med demens skal få delta i samfunnet og så langt som råd få bu heime. På garden kan personar med demens få delta og vere aktive i et lite og avgrensa samfunn, som i stor grad er del av storsamfunnet vårt. Mjølk, kjøtt og korn har dei fleste i kjøkkenet sitt og det vert produsert på gardane.
Demensomsorg 2018 – kvar står vi i dag?
Demens – ein diagnose som opptrer hyppigast blant eldre og som på ein ukontrollert måte tek kvardagen i frå dei som er ramma. Det som har vore livet og kvardagen er ikkje lenger det når hukommelsen, språk- og/eller orienteringssansen sviktar. Etter kvart som sjukdommen utviklar seg, treng ein hjelp til det ein før har greidd sjølv. Mange mistar motivasjon og initiativ, og får innhaldslause dagar. Det kan være utfordrande, også for dei pårørande.
Å være pårørande kan opplevast både psykisk og emosjonelt belastande. For mange er det også praktisk utfordrande i ein kvardagskabal med familie og arbeidsliv. I dag er det om lag 77 000 personar med demens i Noreg og det er forventa ei dobling av talet dei neste 20 åra. Av desse 77 000 er det mange heimebuande som treng hjelp og som manglar innhald i dagane sine. I 2020 trer ein ny lov i kraft, demensplan 2020. Lova er tufta på problematikken kring heimebuande personar med demens og har eit helsefremjande fokus der mellom anna kommunane får ei lovfesta plikt til å leggje til rette for og formidle dagtilbod til demente. Ifølgje Helsedirektoratet 2018 skal tilboda gje brukaren både aktivitet og innhald med meining i tillegg til å avlaste dei pårørande som og utgjer ei stor gruppe. Målsettinga i demensplan 2020 er at personar med demens skal få delta i samfunnet, og at dei skal kunne bu heime så lenge som mogeleg.
Fleire plassar i landet og i samarbeid med kommunar, er dagtilbod for personar med demens allereie etablerte og velgåande. I juni 2018 opna Helsedirektoratet for 350 nye dagtilbodplassar for personar med demens og alle kommunar kan søke om tilskot ved nyetablering eller utviding av plassar. 20 av plassane er dedikert til Inn På Tunet.
Inn På Tunet som dagaktivitetstilbod for personar med demens
I demenslov 2020 vert det stilt krav om at dagtilboda skal bidra til å ivareta brukaren sine funksjonar i dagleglivet og fremje livskvalitet. Aktivitetane i tilboda skal leggje til rette for brukarmedverknad, ha ein intensitet som gjer kontinuitet, sosialt samvær, meistring og tryggleik. Tilboda skal òg kunne bidra til å førebygge isolasjon og/eller kjensle av å være einsam.
Daglegliv på og livskvalitet på tunet
Eit gardsbruk fungerer som eit eige samfunn. Det er oppgåver og gjeremål knytt til drifta på garden, dei utfyller kvarandre og skapar heilskap og meining og som oftast ligg dei i til dels avgrensa og i naturprega landskap.
På garden må rutinar følgjast. Mange har dyr som krev dagleg omsorg og tilsyn og gjennom året er det hendingar knytt til årstidene. Desse hendingane og kvardagsrutinane på garden styrar aktiviteten kvar dag. Slik kjem aktiviteten naturleg og den gjev meining. Inne på tunet vil eit dagtilbod forme seg etter kvardagen på garden, noko som ser ut til å vekke motivasjon til brukarar som får dagtilbod gjennom Inn på Tunet. Samtidig gjer mangfaldet av aktivitetar og oppgåver rom for brukarmedverknad og til å spele på interesseområda til brukarane.
Helga Bele, som gjev personar med demens eit slikt tilbod, fortel at mange av dei som kjem til ho sjølv er oppvaksne på gard eller har arbeidd på gard som unge. Dei hektar seg lett på oppgåver dei kjenner frå åra som yrkesaktive på gard, noko fleire tilbydarar også opplever.
«Nei, dette er det jo gang’te» svara ei 89 år gammal dame ein gong då gardbrukar Solveig Haglund spurde om ho var sliten og kanskje trengde ei pause. Ho ville jobbe vidare. Ho fekk vere til nytte og ho fekk sjå og oppleve at ho meistra. Om ho ikkje hadde like klåre minna om det ho hadde gjort, så hadde kanskje kroppen fått ei kjensle av å ha vore i arbeid og til nytte.
Krav til tilbydar av Inn på Tunet for personar med demens
Bruk som tilbyr Inn På Tunet må vere godkjende og merka av «Matmerk». Tilbydarane bør ha basiskunnskap om demens og kunnskap om personsentrert omsorg. Til dømes er det fleire med helsefagleg og pedagogisk bakgrunn blant Inn På Tunet-bøndene som tilbyr slikt i dag. Av desse er det fleire som har delteke på kurs oppretta av Aldring og helse, og kurset handlar om etablering, drift og kvalitetssikring av dagtilbod for personar med demens.
Eit samarbeid med kommunar og pårørande
Eit godt tilbod krev også relasjonsarbeid og samarbeid med instansar som kommune og pårørande. Frå og med 2020 er kommunane er pålagde å leggje til rette for dagtilbod for personar med demens og kommunane er som regel involverte i liva deira allereie gjennom å gje tenester som heimehjelp og heimesjukepleie. Ved sidan av det offentlege hjelpeapparatet, er som regel dei pårørande mykje involverte i det daglege livet til dei som er ramma av sjukdommen.
Ein tilbydar av Inn På Tunet for personar med demens arbeider altså på fleire plan og med fleire instansar. Det krev tilbydarar og kommunar som har auge for og som meistrar eit samarbeidet mellom dei involverte partane slik at dei i lag kan skape eit helsefremjande nettverk kring den som treng hjelp i tråd med lovverk og retningsliner for slik samarbeid.
Ein typisk dag på tunet
Helga Bele på Jostua i Surnadal fortel om «ein typisk dag» på hennar gard der dei har dagtilbod for personar med demens to gongar kvar veke. Gruppene kan være ulike dei to dagane. Enkelte personar kjem ein dag, andre kjem to dagar. Dei brukar totalt fem timar som inkluderer henting og heimkøyring, to måltid og ein eller fleire aktivitetar.
Køyreturen gjev både kvardagsrutine og innblikk i livet til dei som kjem på garden kvar veke. Ein rask titt i heimen og samtale på biltur kan gje gardbrukar følelse av interesseområde slik at dei best mogeleg kan leggje til rette for brukarmedverknad.
– Vi får også inntrykk av dagsforma deira. Kanskje nokre i gruppa ikkje er i form til enkelte aktivitetar den dagen og treng eit mildare alternativ, seier ho og legg til at med garden og miljøet kring den, kan dei som oftast leggje til rette for ein annan eller meir tilpassa aktivitet. Sjølv om det er slik at det som skjer på garden, primært bestemmer aktiviteten, er det alltid fleire ting som skjer på ein gard og ein gard har eit yrande liv og ein kvardag med rutinar som kan gje gode rammar for ei brukargruppe som personar med demens.
Brukarverknad og meistring på tunet.
«Eg dug ikkje til noko». Personen som sa dette fekk tilbod om Inn på Tunet som dagtilbod via kommunen.
Personar med demens mistar lett motivasjon når dei ikkje lenger meistrar kvardagslege aktivitetar som før. Dei kan gløyme, og dei mistar tillit til og tru på at dei kan. Det er viktig å ha med seg at eit dagtilbod kan ikkje behandle sjukdommen, målet med dagtilboda for personar med demens er å tilby samhandling og tilpassa aktivitet som kan bidra til betra livskvalitet.
På tunet kan dei igjen få ei rolle der dei betyr noko og utfører oppgåver som betyr noko for andre. Det beste dømet på dette er kanskje det å gi dyra mat. Det må skje kvar dag, og dyra set uendeleg pris på det. Saman med bonden kan brukaren få gjere ei slik oppgåve i sitt tempo og han får direkte respons på oppgåva de har utført, ein respons som ikkje gjer rom for tvil om at dei har meistra. Ein fjøs med kyr som masar på fôr, og som plutseleg er stille og ein berre ser og høyrer fornøgd tygging. Fleire gardbrukarar fortel at brukarar eller besøkande finn ro og seier at dei nyt lyden av dyr som tygg grovfor.
Ho som trudde ho ikkje kunne duge til noko lenger vart med på tunet og blei ein aktiv brukar av dagtilbodet. Der fekk ho sjå at ho kunne duge til noko og på den måten vart motivasjonen hennar vekt og ho fekk tru på eigne evner. «Det er jo dette som er livet», sa ho ein dag.
Fellesskap på tunet.
Eit dagtilbod skal fremje livskvalitet og bidra til å redusere og førebyggje isolasjon og kjensla av å være einsam. På eit gardsbruk kjem mykje fellestid og samhandling naturleg gjennom det som til ein kvar tid skjer på garden, i kontakt andre folk som har oppgåver knytt til garden som til dømes mjølkebilsjåfør eller dyrlege. Det er interaksjonar med tilbydar/bonde, dyr, andre tilfeldige besøkande, og med kvarandre i gruppa. I gruppa bygg dei fellesskap gjennom måltida og med at dei treffast kvar veke på same dag og til same tid.
Det å gjere oppgåver i lag, å samarbeide om felles oppgåver, felles mål, bidrar til at dei kan styrke kvarandre og føle meistring i lag. Slikt samarbeid og fellesskap kring praktiske nyttige oppgåver med eit felles mål har vist seg å styrke relasjonar og meistringskjensle. Eit anna døme på dette er dei norske handballgutane som har fått ei bok oppkalla etter seg. Boka heiter «Ubuntu, vi står sammen». Ubuntu betyr samhald og gutane seier ubuntu i kor kvar gong dei går ut på handballbana.
«Tenk at eg skulle få så gode venner når eg var blitt gammal».
Sitat frå ein person med demens og Inn på Tunet-brukar.
Kva finst i Møre og Romsdal
På Inn på Tunet sin heimeside ligg det ei oversikt over tilbydarar av Inn På Tunet for personar med demens. https://innpatunetmr.no/tilbydere/
Tre av desse Inn på Tunet-gardane, Akslahaugen, Jostua Bele og Oppistua, er med i eit forskingsprosjekt om demensomsorg og Inn på Tunet. https://www.aldringoghelse.no/demens/
Kjelder:
Aldring og Helse 2018: «Dagaktivitetstilbud. Tilrettelagt for hjemmeboende personer med demens og pårørende». Henta frå: https://www.aldringoghelse.no/demens/
Aldring og helse 2018: «350 nye plasser til dagaktivitetstilbud for personer med demens». Henta frå: https://www.aldringoghelse.no/alle-artikler/350-nye-plasser-til-dagaktivitetstilbud-personer-med-demens/
Dvergsdal 2011: Relasjonell læring med hest : «Utvikling av en miljøterapeutisk metode for barn som bor på barnevernsinstitusjon». Henta frå: https://brage.bibsys.no/xmlui/handle/11250/188708
Helsedirektoratet 2018: «Dagaktivitetstilbod for personar med demens». Henta frå: https://helsedirektoratet.no/demens/dagaktivitetstilbud-for-personer-med-demens
Nasjonalforeningen for folkehelsen 2018: «Kva er demens». Henta frå: https://nasjonalforeningen.no/demens/hva-er-demens/
Norges håndballforbund 2015: «Boka om samhold». Henta frå: https://www.handball.no/nyheter/2017/04/boka-om-samhold/